-

Betre saman i Kviteseid kommune!

Kva er Betre saman?

Betre saman er Kviteseid kommune sitt arbeid med det nasjonale prosjektet Betre Tverrfaglig Innsats (BTI). Samhandlingsmodell beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenestene retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. Samhandlingsmodellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.

Tidleg innsats handlar om å førebygge meir og å avdekke vanskar tidlegare, hos både barn, unge og familiar med behov for støtte og hjelp. Tidleg innsats kan både handle om å oppdage vanskar i tidleg alder, og å oppdage vanskar tidleg i ei risikoutvikling. Det kan vera forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller miljøet i barnehagen/skulen eller på fritida som skaper utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle både i å oppdaga vanskar og å følgje dei opp. Tiltaka skal ha fokus på å styrka beskyttande faktorar og redusere risikofaktorar rundt barnet/ungdommen/familien.

Betre saman handlar om å utvikle samarbeidet og syte for framdrift når kommunale tenester (t.d. helse, skule, barnehage) og hjelpetenester (t.d. PPT, barnevern, helsestasjonen) i fellesskap skal hjelpe barn/ungdom/familiar gjennom vanskar. Med ein klar struktur bidrar samhandlingsmodellen til styrke samhandling mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg og utan at det oppstår uønska brot i oppfølginga.

Foreldreinvolvering handlar om at at foreldre som eit utgangspunkt alltid skal vera ein del av løysinga. Det blir derfor lagt stor vekt på at dei kommunale tenestene skal samhandla med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal bli involvert på eit tidleg tidspunkt etter at bekymringa har oppstått. Foreldreinvolvering betyr også at foreldre på eige initiativ kan ta kontakt med kommunale tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.

Samhandlingsmodellen

Betre saman består av ein samhandlingsmodell med ein tilhøyrande handlingsrettleiar med ulike verktøy. Målsettinga er at dette skal auke  kompetansen og trygge alle tilsette som jobbar med barn og unge i kommunen til å handling.

Samhandlingsmodellen beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire forskjellege nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:

Nivå 0: Avklarar om det er grunnlag for bekymringa

Nivå 1: Beskriv tiltak innanfor ein enkelt teneste/eining

Nivå 2: Beskrive eit enkelt tverrfagleg samarbeid, i utgangspunktet mellom to tenester

Nivå 3: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester

Handlingsrettleiaren er oppskrifta på korleis vi skal gå fram i konkrete tilfelle kor vi er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane vi skal nytta oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.

Verktøya er dei konkrete hjelpemidlene vi kan og bør bruke i det daglege arbeidet i ei sak. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutinar som støttar handlingane i samhandlingsprosessen, heilt frå fasen kor vi oppdagar og vurderer ei bekymring og vidare gjennom fasene med å avgjera, sette i verk og evaluere hjelpetiltak. Verktøy er alt frå konkrete tips og råd til korleis vi gjennomfører ei samtale med barn og unge til mal for korleis kalle inn til og gjennomføre eit møte.

 

Illustrasjonsfoto: Colorbox

Kompetanse 

Ein føresetnad for bruk av samhandlingsmodellen er at tilsette i kommunen har kompetanse.
Det er to typar kompetanse:

  • Kompetanse til å forstå og bruka samhandlingsmodellen
  • Kompetanse til å utføre oppgåvene i prosessane i modellen