-

Bekymring for barn og unge

Kva kan ei bekymring vere?

Illustrasjonsfoto: Colorbox

Mange av oss, anten vi er foreldre, naboar, venner eller kanskje vi jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar kor vi ser eller høyrer noko som får oss til å kjenne ei uro for eit barn eller ein ungdom i nærmiljøet.

Kanskje har vi sett at barnet eller ungdommen: 

  • strevar med skulearbeidet
  • mistrivst på skulen eller i barnehagen
  • slit med å få venner og å bli inkludert
  • har skitne klede eller feil klede etter årstida eller aktiviteten
  • vegrar seg for å eta
  • gjer seg dårleg forstått
  • har eit spesielt usunt kosthald
  • mobbar eller plagar andre
  • blir mobba eller plaga av andre
  • meistrar ikkje det ein normalt kan forvente etter alderen (t. d. symje, sykle, kle seg)

Kanskje opplever vi signal frå foreldre som gjer oss urolege for deira omsorgsevne.

Det kan vera:

  • bryt avtaler
  • luktar alkohol/opplevast som rusa
  • verkar likegyldige til eiga framtoning
  • vert opplevde som særskilt usikre, irritable eller sårbare

Du er første steget mot ei løysing!

Signala som gjer oss urolege kan vera høgst ulike, vage, diffuse og vanskelege å tyde.  Då er det lett å kjenne seg usikker. Har eg observert rett? Kan eg risikera å laga «ei sak» ut av ein bagatell? Er du i ein slik situasjon, bør du dele uroa di med andre. Opplever du dette i ditt arbeid med barn og unge som tilsett i kommunen, har du plikt til å sei i frå. Det er nettopp du som har sett barnet eller ungdommen, og som kan føre til ei endring.

Gode hjelpemiddel

Handlingsrettleiaren inneheld både ei oppskrift på korleis vi skal gå fram for å avklara om det er grunnlag for uroa vi kjenner, samt ei rekke konkrete verktøy. Både framgangsmåten og dei tilhøyrande verktøya er primært tiltenkt bruk i kommunale tenester, men også privatpersonar kan ha nytte av dei. Til dømes kan Observasjonsskjema for barn og unge , Signal på manglande trivsel , Skala for uro: barn og unge og Skala for uro: foreldre hjelpe alle med å sette ord på uroa ein kjenner på.

Barn som pårørande

Familielivet består av store og små hendingar som kan gjera barn til pårørande på ulike måtar. Nokre barn opplever at det skjer noko akutt med mamma, pappa eller søsken ein eller fleire gonger i løpet av oppveksten. For andre er det å vera pårørande ein del av kvardagen.

Det er vanlegast å tenke på barn som pårørande når foreldre eller søsken er sjuke, som følgje av psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller ein skade. Det finst også andre årsaker til at barn opplever at kvardagen er vanskeleg og at dei kan kallast pårørande. Det er til dømes mange barn i Noreg som opplever at foreldre misbrukar alkohol eller andre rusmiddel. Barn er også pårørande når nokon av dei nærmaste dør. Andre barn opplever belastningar i kvardagen ved samlivsbrot, eller når familien slit økonomisk. Fleire barn enn vi trur opplever også å vera vitne til vald i familien. Nokre har ein forelder som sit i fengsel.​​​

Dei fleste barn som er pårørande blir godt ivaretekne og klarar seg bra. Likevel er det nokre som kan få eigne problem. Dette er problem som kan melde seg i oppveksten, eller dei kan bli synlege når barna blir vaksne. Det å vera pårørande kan medverke til at barn opplever utanforskap, angst, depresjonar, åtferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar eller fråfall frå skule og utdanning.

Ingen kan med sikkerheit sei at eit barn vil utvikle eigne problem, men vi veit at det å vera pårørande kan føra til vanskar. Vi veit også at dersom barn blir utsett for fleire belastningar samtidig, så aukar sannsynet for at barnet utviklar eigne problem.

 Desse tre spørsmåla kan kanskje hjelpe deg med å finne ut av om barn kan reknast som pårørande:

  1. Kva relasjon har barnet til den det gjeld? Gjeld det nær eller fjern familie? Har dei mykje kontakt? Gjeld det nokon som betyr mykje for barnet?
  2. Korleis er barnet påverka av det som skjer? Har barnet sett eller opplevd noko? Blir dei vanlege rutinane endra? Har kvardagen endra seg?
  3. Kva slags belastningar er barnet utsett for? Har barnet opplevd noko du trur kan vera vanskeleg? Har barnet vist reaksjonar du trur handlar om å vera pårørande?
Illustrasjonsfoto: Colorbox

Nokre gonger får du først svar når du spør barnet.

 

 

 

 

 

Les meir om barn som pårørande på:

https://helsenorge.no/psykisk-helse/barn-og-unges-psykiske-helse/nar-barn-blir-parorende

http://www.parorendesenteret.no/tips-r%c3%a5d/barn-unge

http://veiledningssenter.no/p%C3%A5r%C3%B8rende-informasjon